Stor stemning på Nordtrad -23, Ingesund

Ole Bull Akademiet var godt representert på Nordtrad-konferansen 2023 veka etter påske, på Musikhögskolan Ingesund i Arvika: Bachelorstudentar spelte på konserten der alle dei deltakande folkemusikkutdanningane frå Norden og Baltikum presenterte seg, Vegar Vårdal og Håkon Asheim representerte lærarane m.a. med ein workshop, og TIMBER (sjå biletet: studentane på Nordic Master in Folk Music, to av desse studentar ved OBA) hadde ein konsert til trampeklapp laurdagskvelden – denne konserten jobba dei fram mot dei 7 vekene dei hadde studiesamling på Voss før påske. Som kvart år, var Nordtrad ein sydande smeltedigel av musikalsk, fagleg og sosial utveksling – slik det har vore sidan starten i 1996.