Bachelorstudium i Folkemusikk

Mathilde foto I.Jordal

Det utøvande bachelorstudiet på Ole Bull Akademiet / Griegakademiet utdannar folkemusikarar på høgt nivå, både solistisk og med tanke på variert musikalsk samarbeid.

Tradisjonsmusikk er ei studieretning innafor Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon ved Griegakademiet - Institutt for musikk, Universitetet i Bergen, og har Ole Bull Akademiet på Voss som studiestad. Fullført 4-årig studium gir bachelorgrad ved UiB.

Det er årleg opptak til studiet, med søknadsfrist 15. desember. Det er no opna for søknad med studiestart hausten 2024. Informasjon om korleis du søkjer finn du på universitetet sine sider: https://www.uib.no/grieg/25211/bachelorprogram-i-ut%C3%B8vende-musikk-eller-komposisjon#timeplan-opptakspr-ver

NB: Samtidig med opptaksprøva må ein no ta prøve i musikkteori og gehør. Vi vil difor tilby eit førebuande teorikurs - meld frå om du er interessert, til haakon@olebull.no.

Opptakskrav: Generell studiekompetanse og greidd opptaksprøve. Søknaden skal innehalde ei liste over eige folkemusikkrepertoar (instrumentalistar: 90 minutt repertoar, songarar: 60 minutt).

Ta gjerne kontakt med oss på telefon 56 51 65 00 eller e-post haakon@olebull.no om du har spørsmål om opptak, eller om studiet.

Studieplan: https://www.uib.no/studier/BAHF-MUS/plan

Studieopplegg:

Tradisjonsmusikk er eit heiltidsstudium (240 studiepoeng). Dei første åra, frå 1996, var det eit 2-årig studium ("Spelemannsskulen"), og vart utbygd med tilbod for både kveding og andre instrument enn fele og hardingfele. I 2004 vart studiet utvida til 4-årig bachelorstudium, og fekk seinare også moglegheit for å gå vidare til master. Studiet er tufta på den tradisjonelle opplæringa i folkemusikken, med individuell undervisning hjå ein eller fleire tradisjonsberarar som viktigaste del. I tillegg er det studiesamlingar på Ole Bull Akademiet på Voss ca. ei veke i månaden, der ein kan overnatte på Akademiet til rabattert pris. Etter søknad og tilleggsprøve er det høve til å velje emnegruppe i hardingfelebygging frå 2. studieår, sjå under.

Frå 3. studieår er det høve til å velje større vekt på samspel og arrangering, eller vidare fordjuping i solistisk utøving. Det er òg ulike valemne i tillegg til kjernefaga. Studentar som har valt emnegruppe i hardingfelebygging frå 2. studieår, held fram med desse emna. Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) ved Griegakademiet kan takast anten over to år på deltid, som del av dei to siste åra av bachelorstudiet, eller på fulltid over eitt år, etter endt studium: https://kmd.uib.no/no/studier-og-opptak/praktisk-pedagogisk-utdanning-ppu

Studentar som alt har 2-årig høgre folkemusikkutdanning med utøving kan søkje om innpassing for å starte direkte på 3. år. Søk på soknadsweb.uib.no (sjå ovanfor), og skriv på følgeskjemaet at søknaden gjeld innpassing. På opptaksprøve skal slike søkjarar framføre eit musikkprogram på 20 minutt.

Hardingfelebygging - valemne

Innafor bachelorstudiet i tradisjonsmusikk er det mogleg å ta valemne i hardingfelebygging frå andre studieår. Dei 3 siste studieåra vil desse valfaga utgjere halve studiet, 30 studiepoeng kvart av åra. For å kunne ta valemna i felebygging skal studenten gjennom eit innlevert arbeid (instrument eller anna trearbeid) ha vist gode evner for felebyggjarfaget. Det første studieåret er det høve til å få ei uformell innføring i faget på instrumentverkstaden på Ole Bull Akademiet. Fullført studieløp vil gjere studenten i stand til å spesialisere seg vidare i felebygging på høgt nivå.