Master i tradisjonsmusikk
Masterstudiet i utøvande musikk eller komposisjon ved Griegakademiet er eit tilbod til musikarar innan sjangrane klassisk, jazz og tradisjonsmusikk. Studentar med tradisjonsmusikk/folkemusikk som sjangerval får tildelt rettleiarar med spesialkompetanse på feltet, og dei vil ha stønad i det faglege miljøet ved Ole Bull Akademiet, i tillegg til å følgje det ordinære studieopplegget ved Griegakademiet saman med studentar på jazz og klassisk. Opptakskrav er bachelorgrad i utøvande musikk og greidd opptaksprøve. Søknadsfrist er 15. desember kvart år for studiestart året etter, og det vert opna for søknad 1. november.
Les meir om studieopplegget her:
https://www4.uib.no/studier/program/utovende-musikk-eller-komposisjon-master
Ole Bull Akademiet/Griegakademiet hadde tidlegare tilbod om fellesnordisk masterstudium med studieopphald i fire nordiske land (Nordic Master in Folk Music), men frå 2025 er det ikkje lenger mogleg å ta dette studiet med OBA/GA som heiminstitusjon: https://www.olebull.no/nordisk-masterstudium-i-folkemusikk/
