Søk bachelor eller master!

Det er no opna for å søkje bachelor- og masterstudia i tradisjonsmusikk, med oppstart hausten 2024! Fristen er 15. desember. Info om korleis du søkjer finn du på nettsidene til Universitetet i Bergen, for bachelor her: https://www.uib.no/grieg/25211/bachelorprogram-i-ut%C3%B8vende-musikk-eller-komposisjon#timeplan-opptakspr-ver , og for master her: https://www.uib.no/grieg/24484/masterprogram-i-ut%C3%B8vende-musikk-eller-komposisjon . Sjå også info om studieprogramma på nettsidene til OBA og UiB. NB! Samtidig med opptaksprøva til bachelor (veke 10) må ein no ta prøve i musikkteori og gehør. Vi vil difor tilby eit førebuande teorikurs – meld frå om du er interessert, til haakon@olebull.no