
Neste søknadfrist 15. desember
Opptaket for 2024 er nå avslutta, og neste frist for søknad på utøvarstudia våre – bachelor og ordinær master – er 15. desember 2023, med studiestart hausten 2024. Nordic Master in Folk Music vil ha neste opptak i 2025, med søknadsfrist i januar.
NB! Frå i fjor vart det obligatorisk med opptaksprøve i musikkteori og gehør også før søkjarar til vårt bachelorstudium, som til andre utøvande musikkstudium i Norge. Prøva er digital, og ein demoversjon finn du HER. Om fleire melder interesse, kan vi på Ole Bull Akademiet lage til eit skreddarsydd førebuande kurs i musikkteori og gehørtrening med tanke på denne prøva. Send ei melding til haakon@olebull.no om du er interessert i dette, gjerne i god tid før søknadsfrist.