
Mastereksamen!
I dag, 4. desember 2020, er ein historisk dag på Ole Bull Akademiet: Vi avviklar to eksamenar som er dei første i sitt slag – deleksamenar på UiB sitt ordinære masterstudium i utøvande musikk, med folkemusikkstudentar! Til nå har vi berre hatt fellesstudiet Nordic Master in Folk Music som tilbod på masternivå, men nå har altså Griegakademiet/Universitetet i Bergen opna opp det ordinære masterstudiet for søkjarar ikkje berre frå klassisk sjanger, men òg jazz og folkemusikk. Vi er stolte av dei to dyktige studentane som har teke bachelor i tradisjonsmusikk hjå oss tidlegare, og som nå er godt i gang på masterstudiet: Johanne Mjøs (hardingfele) og Kristoffer Kleiveland (durspel)!