Nordisk Masterstudium i Folkemusikk

Studiet er for tida under revisjon ved Universitetet i Bergen. Det vert derfor ikkje gjort opptak av studentar ved UiB/Ole Bull Akademiet før 2026.
Studiet Nordic Master in Folk Music er eit samarbeid mellom Ole Bull Akademiet / Griegakademiet, Kungliga Musikhögskolan (SE), Syddansk Musikkonservatorium (DK) og Sibelius-Akademin (Helsinki), og studentane får ein periode ved kvar institusjon. Opptak annakvart år.
Neste opptaksrunde: 2026, med søknadsfrist 15.12.2025.
Information in English: See http://www.nofomaster.net/ or contact Håkon Asheim <haakon@olebull.no>
Nordic Master in Folk Music er eit 2-årig mastergradsstudium med nordisk profil.
Her kan du kome til eit nytt nordisk land kvart semester som folkemusikkstudent! Du får utvikla di eiga tradisjonsutøving, blir kjend med dei nordiske tradisjonane og miljøa, og i undervisninga får du med deg det beste frå dei fire deltakande institusjonane.
Masterstudiet i nordisk folkemusikk ved Ole Bull Akademiet er ei studieretning innafor Masterprogram i utøvande musikk eller komposisjon ved Griegakademiet – Institutt for musikk, Universitetet i Bergen. Samarbeidspartnarar er Kungliga Musikhögskolan (Stockholm), Syddansk Musikkonservatorium (Esbjerg) og Sibelius-Akademin (Helsinki). Dei starta opp det fellesnordiske studiet ”Nordic Master in Folk Music” i 2007, og Ole Bull Akademiet/Griegakademiet kom med i samarbeidet frå 2009. Ei full studentgruppe vil vere på 2 studentar frå kvart land, som vil gå i samla gruppe eitt semester i Sverige, eitt i Danmark og eitt i Finland. I fjerde semester kjem gruppa til OBA på Voss, der studentane vil ha fellesundervisninga konsentrert på ca. 1 1/2 månad, i tillegg til oppfølgjing ved heiminstitusjonen resten av semesteret.
Med dette studiet vil du ikkje bli spesialist på alle danske, finske, svenske og norske folkemusikktradisjonar, men du vil få ei praktisk og teoretisk innsikt i ymse nordiske tradisjonar som du vil kunne nytte på ein fruktbar måte i di eiga musikkutøving. Studiet vil gi deg kontaktar og unike høve til å jobbe i heile det nordiske området. Du vil møte nokre av dei beste utøvarane og lærarane i kvart land. I ensemblespelet blir det lagt vekt på korleis ulike lokale musikktradisjonar kan nyttast i samspelet slik at kvalitetane i musikken kjem til sin rett i ein ny samanheng.
Kjernen i studiet er utøving på hovudinstrument, der du vil få ein lærar ved kvar institusjon og ein hovudrettleiar ved institusjonen du søkjer til. Individuelt prosjektarbeid vil stå sentralt. Studieopplegget inneheld også ensemblespel, folkemusikkteori og -analyse, komposisjon/arrangering, ei seminarrekke der du møter framståande nordiske folkemusikarar, kurs i kunstnarleg utviklingsarbeid, og musikkproduksjon/-formidling i eit nordisk perspektiv. Utover dette er det rom for dine eigne val av kursemne.
Opptakskrav er bachelorgrad i folkemusikk frå eit nordisk land eller tilsvarande, og greidd opptaksprøve ved masterstudiet. Det krevst gode engelskkunnskapar. Ta gjerne kontakt for meir informasjon.
Det er òg mogleg å søkje det ordinære utøvande masterstudiet ved UiB med tradisjonsmusikk/folkemusikk som sjanger, les meir her: https://www.olebull.no/master-i-tradisjonsmusikk/