Nordisk Masterstudium i Folkemusikk

Ole Bull Akademiet / Griegakademiet ga frå 2009 tilbod om å ta masterstudium som del av samarbeidet Nordic Master in Folk Music, saman med Kungliga Musikhögskolan (SE), Syddansk Musikkonservatorium (DK) og Sibelius-Akademin (Helsinki), der studentane fekk ein periode ved kvar institusjon. Frå 2025 er det ikkje lenger mogleg for OBA/GA å ta imot eigne søkjarar til studiet, etter at det har vore ein gjennomgang av ordningane for masterstudium ved GA/Universitetet i Bergen sett i lys av gjeldande forskrifter og lovverk for høgare utdanning.

 

Ole Bull Akademiet vil likevel som tidlegare ta imot studentane frå dei  andre institusjonane i Nordic Master-samarbeidet for eit studieopphald i deira fjerde semester. Det er òg fullt mogleg å søkje opptak til ein av desse institusjonane med ein norsk bachelorgrad. Sjå nærare info på heimesidene til desse: kmh.se, sdmk.dk, uniarts.fi.