Master i tradisjonsmusikk

Johanne til nettside.001

Masterstudiet i utøvande musikk eller komposisjon ved Griegakademiet er eit tilbod til musikarar innan sjangrane klassisk, jazz og tradisjonsmusikk. Studentar med tradisjonsmusikk/folkemusikk som sjangerval får tildelt rettleiarar med spesialkompetanse på feltet, og dei vil ha stønad i det faglege miljøet ved Ole Bull Akademiet, i tillegg til å følgje det ordinære studieopplegget ved Griegakademiet. Opptakskrav er bachelorgrad i utøvande musikk og greidd opptaksprøve. Søknadsfrist er 15. desember kvart år for studiestart året etter, og det vert opna for søknad 1. november.

Les meir om studieopplegget her:
https://kmd.uib.no/no/studier-og-opptak/master-i-utovende-musikk-komposisjon

og om søknads- og opptaksprosessen her:
https://www.uib.no/grieg/24484/masterprogram-i-ut%C3%B8vende-musikk-eller-komposisjon

 

Ole Bull Akademiet/Griegakademiet hadde tidlegare tilbod om fellesnordisk masterstudium med studieopphald i fire nordiske land (Nordic Master in Folk Music), men frå 2025 er det ikkje lenger mogleg å ta dette studiet med OBA/GA som heiminstitusjon: https://www.olebull.no/nordisk-masterstudium-i-folkemusikk/