Søk bachelor eller master!

Det er no opna for å søkje bachelor- og masterstudia i tradisjonsmusikk, med oppstart hausten 2024! Fristen er 15. desember. Info om korleis du søkjer finn du på nettsidene til Universitetet i Bergen, for bachelor her: https://www.uib.no/grieg/25211/bachelorprogram-i-ut%C3%B8vende-musikk-eller-komposisjon#timeplan-opptakspr-ver , og for master her: https://www.uib.no/grieg/24484/masterprogram-i-ut%C3%B8vende-musikk-eller-komposisjon . Sjå også info om studieprogramma på nettsidene til OBA og UiB.…

Les meir

Stor stemning på Nordtrad -23, Ingesund

Ole Bull Akademiet var godt representert på Nordtrad-konferansen 2023 veka etter påske, på Musikhögskolan Ingesund i Arvika: Bachelorstudentar spelte på konserten der alle dei deltakande folkemusikkutdanningane frå Norden og Baltikum presenterte seg, Vegar Vårdal og Håkon Asheim representerte lærarane m.a. med ein workshop, og TIMBER (sjå biletet: studentane på Nordic Master in Folk Music, to…

Les meir

Neste søknadfrist 15. desember

Opptaket for 2024 er nå avslutta, og neste frist for søknad på utøvarstudia våre – bachelor og ordinær master – er 15. desember 2023, med studiestart hausten 2024. Nordic Master in Folk Music vil ha neste opptak i 2025, med søknadsfrist i januar. NB! Frå i fjor vart det obligatorisk med opptaksprøve i musikkteori og…

Les meir

Semesterstart!

Det var fint å starte studieåret fysisk på Akademiet, m.a. med ein stor og flott bachelorgjeng (bildet)! Og det ser ut som dei trivst saman alt… Vi ser fram til eit år der studentane får vera meir saman her på huset, og spela meir saman – det er dei gode til!

Les meir

Nordisk master – fristen var 15.1.

Fristen for å søkje på fellesstudiet Nordic Master in Folk Music med oppstart hausten 2021 var 15. januar. Neste opptak: 2023, med søknadsfrist i januar/februar. Har du bachelorutdanning i utøvande musikk, kan du søkje via Ole Bull Akademiet / Griegakademiet eller ein av dei tre andre nordiske samarbeidspartnarane. Studiet er ei unik reise gjennom fire…

Les meir

Mastereksamen!

I dag, 4. desember 2020, er ein historisk dag på Ole Bull Akademiet: Vi avviklar to eksamenar som er dei første i sitt slag – deleksamenar på UiB sitt ordinære masterstudium i utøvande musikk, med folkemusikkstudentar! Til nå har vi berre hatt fellesstudiet Nordic Master in Folk Music som tilbod på masternivå, men nå har…

Les meir

Søk bachelor eller master!

Det er nå opna for søknad på utøvarstudiet vårt med studiestart hausten 2021! Frist 15. desember. Grunna den usikre situasjonen som koronapandemien fører med seg, er det gjort endringar i søknads- og opptaksprosessen. Oppdatert info for bachelorsøknad finn du HER, og for mastersøknad HER. Velkomen som søkjar!

Les meir