Meny
 

Om Ole Bull Akademiet

Om Ole Bull Akademiet
Om Ole Bull Akademiet

Sidan 1976 har Ole Bull Akademiet ein unik posisjon som kurs- og kompetansesenter spesialisert på norsk folkemusikk og -dans.

Ole Bull Akademiet har ei omfattande kursverksemd, og frå 1996 også eit eige utøvarstudium i samarbeid med Griegakademiet / Universitetet i Bergen.

Ole Bull Akademiet er ei stifting med eit offentleg oppnemnd styre som i samarbeid med dei tilsette skal trekkja opp kursen i arbeidet. OBA eig og driv Kringsjå AS som har overnattingskapasitet til ca 40 kursdeltakarar i akademibygget. I 1994 vart det bygd på med administrasjonsavdeling, undervisningsrom og konsertsal (Osasalen), og i 2004 vart bygget utvida med fleire undervisningsrom, øvingsrom og kontor. I huset ved sida, Strengjarhaugen 8, er det felemakarverkstad og hyblar. I tillegg vert kunstnarheimen til Sigbjørn Bernhoft Osa, "Sævelid", nytta til konsertar.

Ole Bull Akademiet har ein fast stab med fagleg tilsette, som er blant dei fremste folkemusikkutøvarane i landet. Ein har også eit nært samarbeid med det faglege personalet ved Griegakademiet - Institutt for musikk. I tillegg har OBA eit godt samarbeid med ulike frivillige organisasjonar og spelemannslag. Ei rekkje av våre fremste folkemusikkutøvarar er knytte til OBA som timelærarar, og står for kring halvparten av undervisninga.

Denne blandinga av akademisk skulerte lærarar og våre fremste spelemenn, dansarar og kvedarar knyter sterke band til den levande og pulserande folkemusikken.

Ole Bull Akademiet finansierer drifta ved tilskot frå Kulturdepartementet, Kunnskapsdepartementet, Hordaland fylke og Voss kommune.

Ole Bull Akademiet skipar til den årlege Osafestivalen, styrer med Sigbjørn Bernhoft Osa sitt fond og forvaltar felesamlinga etter Sigbjørn Bernhoft Osa.

Undervisninga byggjer i hovudsak på den gamle spelemannsskulen: "Frå øyra til øyra, streng til streng, frå strupe til strupe".

Føremålet til Ole Bull Akademiet er:

- å formidle kunnskap om og gje opplæring og utdanning i norsk folkemusikk og folkedans til studentar på høgskule- og universitetsnivå

- i samarbeid med Griegakademiet – Institutt for musikk, Universitetet i Bergen, å gje utdanning på universitetsnivå til folkemusikkutøvarar 

- å vere ein møtestad mellom norsk folkemusikk og andre musikkgenrar 

- å formidle kunnskap om norsk folkemusikk til interesserte frå andre land. Gjennom gransking, publisering og studentutveksling vil Akademiet gjere sitt til å auke kunnskapen om norsk folkemusikk og folkedans.

- å vere ein aktiv aktør i nordiske og andre internasjonale fagfora som fremjar utdanning i og kunnskap om norsk folkemusikk.

Historikk

Ole Bull, 1810 — 1880

Fiolinisten Ole Bull (1810-80) var sterkt oppteken av norsk folkemusikk. I 1863 ville han starte eit norsk musikkakademi, men Stortinget sa nei til å løyve midlar. Over hundre år seinare såg spelemannen og fiolinisten Sigbjørn Bernhoft Osa behovet for å gje folkemusikken ein plass i høgre musikkutdanning i Noreg. I 1976 grunnla han Ole Bull Akademiet, som året etter kunne starta med kurs i slåttespel for fiolinstudentar frå Norges Musikkhøgskole og Bergen Musikkonservatorium. Aktiviteten har auka jamt med åra. Ved utgangen av 2014 har over 16000 studentar ved norske høgskular og universitet vore på kurs i folkemusikk og folkedans ved Ole Bull Akademiet.

I 1996 oppretta OBA, i samarbeid med Griegakademiet i Bergen, eit 2-årig studium for folkemusikkutøvarar (Spelemannsskulen, nå Tradisjonsmusikk I). Frå 2004 vart det mogeleg å ta eit 2-årig påbyggingsstudium, Tradisjonsmusikk II. Fullført eksamen gjev  bachelorgrad ved Universitetet i Bergen. Det er opptak av nye studentar kvart år. Studiet gjev 240 studiepoeng, og kan kombinerast med andre fag ved Universitetet i Bergen.

Spelemannen Sigbjørn Bernhoft Osa (1910-1990)

Sigbjørn Bernhoft Osa vart fødd 3. mai 1910 i Ulvik i Hardanger. Foreldra var Lars Osa og Hermine Bernhoft. Lars Osa var kunstmålar og ein god spelemann, så slåttemusikk på hardingfele var dei første musikalske inntrykka guten fekk.

Alt i treårsalder synte det seg at han åtte uvanlege musikalske evner på fela, og det vart sett store voner til ei framtid med musikken. Som 16-åring tok han til på fiolinstudiar hjå Bjarne Brustad i Oslo. Studietida vart avslutta ved Sternsches Konservatorium i Berlin i 1932. Sigbjørn debuterte i 1937 i Universitetets Aula i Oslo.

Sigbjørn var både fiolinist og spelemann, og han vart den mest kjende hardingfelespelemannen i førre hundreåret. Han var ikkje berre meisteren på hardingfela, han åtte òg store evner som pedagog og formidlar, og opplevde å bli populær i det breie lag av folket. For mange var han sjølve inkarnasjonen av spelemannen i sin måte å synleggjera verdiane i tradisjonsmusikken.

Med hardingfela reiste han mykje i Europa og Amerika. Han samarbeidde med fleire av dei mest kjende norske musikarane, og han var solist i norske orkesterverk der hardingfela var soloinstrument. Det skapte furore då han i 1973 opna Ragnarock-festivalen i Holmenkollen saman med gruppa Saft og folkedansarar.

I 1977 skipa han Ole Bull Akademiet, ein institusjon som har gjort ein viktig innsats i å gje kunnskap om norsk tradisjonsmusikk innanfor høgre musikkutdanning i Norge.


Litteratur:

  • Sigbjørn Bernhoft Osa: Hardingfela, The Hardanger fiddle. Musikkhuset a/s 1952
  • Sigbjørn Bernhoft Osa: Spelemannsliv. Ansgar forlag 1979
  • Fleire forf.: Norske tonar. Festskrift, Universitetsforlaget 1985
  • Ole Bull Akademiet: Slåttane var mange. Notesamling av slåttar Osa samla. Eige forlag 1997
  • Gunnar Stubseid: Sigbjørn Bernhoft Osa : Spelemannen, slåttane, sogene, samtida. Eide Forlag 2003.

Frå øyra til øyra, streng til streng,
frå strupe til strupe

Kontaktinfomasjon

  • Strengjarhaugen 6, 5700 Voss
  • Telefon: 56 51 65 00
  • Fax: 56 51 48 63

Postadresse

  • Ole Bull Akademiet
  • Postboks 443
  • 5703 Voss
Våre samarbeidspartnare:
Voss Kommune
Griegakademiet - Institutt for musikk
Kulturdepartementet
Hordaland Fylkeskommune