Ole Bull Akademiet har ein mangesidig aktivitet:
- 700 studentar årleg på vekeskurs i norsk folkemusikk og folkedans
- Bachelorstudium i utøvande tradisjonsmusikk og tradisjonsdans
- Mange gjesteførelesarar og musikarar vert engasjerte
- Osafestivalen kvar haust
- Instrumentverkstad med felemakar
- Butikk med sal av CD-ar, folkemusikklitteratur, feleskrin, felebogar,
felestrenger, hardingfelestrenger, fløyter m m
Ole Bull Akademiet held til på Strengjarhaugen 6 (Kringsjå), i ti minutts gangavstand frå Voss stasjon. I tillegg til Akademiet si verksemd vert lokala leigde ut til selskap og andre arrangement.