Meny
 

Kursverksemd

Ole Bull Akademiet, kulturverksemd
Ole Bull Akademiet, kulturverksemd

Ole Bull Akademiet gjev undervisning i norsk folkemusikk og folkedans til studentar på høgskule- og universitetsnivå.

Undervisninga er tilrettelagt gjennom kortare kurs, oftast på ei veke. Sjølve undervisninga er ei blanding av førelesingar, lytting og aktiv deltaking.

Det vert gjeve innføring i vokal folkemusikk, ulike folkemusikkinstrument, rytme-, form- og stilanalysar av slåttemusikken, og studentane får møte nokre av våre fremste utøvarar innan spel, dans og kveding.

Det vert og teke opp emne som definisjonsspørsmål og problem som knyter seg til bruk av folkemusikken og dansen, og studentane vil gjennom kurset lære nokre folkedansar og tradisjonell folkesong (kveding).

Faste kursleiarar:

  • Arne Anderdal
  • Terje Foshaug
  • Eli Storbekken
  • Tormod Kleiveland
  • Kristoffer Kleiveland
  • John Ole Morken

Frå øyra til øyra, streng til streng,
frå strupe til strupe

Kontaktinfomasjon

  • Strengjarhaugen 6, 5700 Voss
  • Telefon: 56 51 65 00
  • Fax: 56 51 48 63

Postadresse

  • Ole Bull Akademiet
  • Postboks 443
  • 5703 Voss
Våre samarbeidspartnare:
Voss Kommune
Griegakademiet - Institutt for musikk
Kulturdepartementet
Hordaland Fylkeskommune